Fjelltrimmen

Velkomen til Solund Idrettslag sin fjelltrim! 

I Solund kan du samle poeng ved å gå 26 ulike turar. Konkurransen går frå 01. oktober til 30. september og turar registrerast på skjema og leverast inn på slutten av fjelltrimåret.

Skjemaet for år 2023-2024 finner du her:  Fjelltrimskjema 2023-24

Du kan òg hente utskrivne skjema på Idrettsbygget og Gjenbruksbutikken.
Prøv òg gjerne registrering på DNT sin gratis tur-app, SjekkUT.

For å bli premiert må man vere medlem/støttemedlem i Solund Idrettslag. Fjelltrimmen blir delt opp i klassar etter alder og kjønn, der alder er det årstallet sesongen avsluttast.

Klasseinndeling

Born
0- 11  år           Premiering til alle deltakarar

Menn/gutar
12-15 år             Premiering til dei tre beste
16 og over         Premiering til dei tre beste

Damer/jenter
12-15 år             Premiering til dei tre beste
16 og over         Premiering til dei tre beste

Premiering

Premiar til alle i barneklassen.
I klasser menn/gutar og damer/jenter er det premiar med verdi 100, 300 og 500 kr.
0-15 år: 15 turar eller meir – trekning på kr 1.500,-.
16 år og over: 30 turar eller meir – trekning på kr 2.500,-.

Årets tur

Årets lange er tur: Krakhellenipa – 3 turar og du er med i trekning om 1.000 kr i gåvekort.
Årets korte er tur: Ravnenipa – 5 turar og du er med i trekning om 500 kr i gåvekort.

Poeng

Fjelltrimmen turbøker

Ved å skrive deg i boka og registreringsskjema som du finn på toppane oppnår du følgjande poeng:

50 poeng
Krakhellenipa – 569 m.o.h.

30 poeng
Fonnaheia – 413 m.o.h.
Pollatinden – 541 m.o.h.
Stigfjellet på Losna – 402 m.o.h.

25 poeng
Dumbetinden – 459 m.o.h.

20 poeng
Hellelinipa – 295 m.o.h.
Vardefjellet – 315 m.o.h.

15 poeng
Salane – 398 m.o.h.
Strandafjellet – 242 m.o.h.
Tungodden – ca. 30 m.o.h.

10 poeng
Buskøy – ca. 40 m.o.h.
Espa – ca. 40 m.o.h.
Hammerstakken – 159 m.o.h.
Hamnefjellet – 226 m.o.h.
Husefjellet på Hersvik – 160 m.o.h.
Husefjellet (Nessa) – 166 m.h.
Langevatnet/Tungodden – 0 m.o.h.
Kletten – 153 m.o.h.
Ospa – 11 m.o.h.
Ravnenipa – 232 m.o.h.
Ravnenipa rundt – 50 m.o.h.
Sognesjøhytta – ca. 20 m.o.h.
Stokkevåg (Porten) – ca. 40 m.o.h.
Uranipa – 133 m.o.h.

5 poeng
Råkevatnet, stikrysset – 36 m.o.h.
Sognesjøhytta, halvvegs – ca. 20 m.o.h.

Vi ynskjer dykk eit godt turår!

Solund Idrettslag v/Irene Sanden på vegne av fjelltrimgruppa

Les seinaste artiklane om Fjelltrimmen: