Solund Idrettslag

Aktivitetar for alle aldrar

  • Heim
  • Aktivitetar
    • Aktivitetsdagar
    • Aerobic
    • Barneidrettsskule
    • Discgolf
    • Fotball
    • Friidrett
    • Handball
    • Innebandy
    • Yoga
    • Symjing
    • Volleyball
  • Fjelltrimmen
  • Trimrommet
  • Nyheiter
  • Bli medlem
  • Om SIL
    • Styret
    • Historia
    • Årsmøte
    • Galleri
    • Lovnorm
    • Logo
  • Kontakt

Bli medlem

Alle som deltar på Solund Idrettslag sine aktivitetar skal vere medlemmar av Idrettslaget. Gjennom medlemskapet har du tilgang til alle aktivitetar utan ekstra kostnad (unntak trimrom, symjing og aktivitetsdagar). Alle medlemmar er forsikra gjennom Solund Idrettslag dersom eit uhell skulle skje i ein aktivitet.

Trimrommet

Dersom du ynskjer å bruke trimrommet er der ein ekstra årleg eigenandel på 400 kroner per person eller familie.

Symjebassenget

Du treng ikkje å vere medlem for å bruke symjebassenget. Alle betalar kvar gang dei badar; vaksne 40 kroner og barn 4-17 år 20 kroner. Du kan spare 20 prosent på badinga gjennom å kjøpe klippekort. Eit kort med 20 klipp kostar 320 kr. Vaksne blir trekt to klipp og barn 4-17 år eit klipp kvar bading.

Rabatt på butikk

Alle medlemmar får 15 prosent rabatt på Chatlet Sport Førde AS (Elvegården). Rabatten er utvida til 20 prosent på fotball- og handballvarer. Enkelte merkevarer, t.d. Nike, har aldri ein større rabatt enn 15 prosent. Rabatten gjeld berre varer til ordnær pris.

Medlemskontingent

  • Familie (vaksne + barn under 18 år): kr 750,-
  • Enkeltmedlem vaksen (frå 18 år): kr 400,-
  • Enkeltmedlem barn (under 18 år): kr 250,-
  • Student: kr 250,-
  • Støttemedlem (ikkje aktiv): kr 200,-

Medlemskontingenten betalast inn på konto 3847 07 00995.

For å stette krava til Norges Idrettsforbund til eit oppdatert medlemsregister treng vi:

  • Namn og fødselsdato på kvar medlem
  • Adresse
  • Mobiltelefon
  • E-post

Informasjonen kan sendast til info@solundil.no eller med vanleg post til Solund Idrettslag, Postboks 1, 6921 Hardbakke. Du kan òg bruke kontaktformularen her på heimesida.

 

Aktivitetsplan

SIL på Facebook

Solund idrettslag

8 timar sidan

Solund idrettslag

9.klasse har kiosk i Idrettsbygget tysdagar når det er bading. I morgon kjem dei til å selge vårrullar. 😊 Ta deg eit bad og kombiner det med kveldsmaten i Idrettsbygget i morgon. ... Sjå meirSjå mindre

Les meir
·Del

Share on FacebookShare on TwitterShare on Linked InShare by Email

Solund idrettslag

16 timar sidan

Solund idrettslag

⚽Det vert ikkje fotballtrening 1.-3.klasse i dag.
🏐 Volleyball tysdag vert flytta til fredag kl. 18.30.
... Sjå meirSjå mindre

Les meir
·Del

Share on FacebookShare on TwitterShare on Linked InShare by Email

Søk på solundil.no

Solund Idrettslag

Postboks 1
6921 Hardbakke

E-post: info@solundil.no

Org.nr: 994 086 154

Meny

  • Heim
  • Aktivitetsplan
  • Bli medlem
  • Kontakt

Sjå filmen om Solund

Copyright © 2019 · Daily Dish Pro Theme on Genesis Framework · WordPress · Log in