Historia

Solund Idrettslag vart skipa 17. september 1970. Med på skipingsmøtet var Alv Reme, Klaus Søiland, Terje Toresen, Idar Skorpen, Harald Hagen og Per Aarøy.

Oppstart

Opptakten til skipinga vart gjort av dåverande lensmann i Solund, Alv Reme, og dette var det første organiserte idrettslaget i kommunen. Idrettsleg aktivitet hadde tidlegare vore lite påakta i Solund. Der var likevel eit problem: Kvar skulle ein halde til med idrettsaktivitetar? Og kva greiner skulle det satsast på? Idrettsplass/bane var eit ønskemål som vart drøfta på skipingsmøtet. Alle skjøna at det var langt fram før det kunne verte ein realitet og at det i mellomtida måtte finnast andre løysingar på plassproblemet.

Det vart heilt frå først av eit nært samarbeid med skulen. Idrettsslaget fekk disponere leikeplassen ved Hardbakke skule utanom skuletida. Om vinteren fekk idrettslaget også bruke gymnastikksalen til innandørs aktivitetar.

Idrettsbygg

Solund Idrettslag vedtok 25. november 1987 å gå inn og vere med på oppføringa av idrettsbygget som Solund kommune oppførte i 1988-1990. I staden for gymsalen Solund kommune opprinneleg hadde planlagt vart den utvida til volleyballhall i full storleik. Denne utvidinga kosta 1.2 millionar kroner, noko som vart Idrettslaget sin del av den totale kostnaden for idrettsbygget. I tillegg kom tilbygget ved sida av hallen. Dette vart bygd for Idrettslaget si rekning med ein kontantkostnad på om lag 150.000 kroner pluss over 2.000 dugnadstimar for oppføring.

20150120_112712
Idrettsbygget på Hardbakke 2015.

Dette vart sjølvsagt store økonomiske løft for Solund Idrettslag, men det vart vurdert til å vere overkommeleg og einaste måten laget kunne få del i bygget. Åleine ville ikkje laget makta å oppføre eit slikt bygg. Ein vesentleg del av kostnaden skulle laget få att i så kalla tippemidlar. I tillegg vart det satt i gang 1.000-kronerulling og medlemmar jobba dugnad med bl.a. reingjering av båtar og målaroppdrag av bl.a. kyrkja på Hardbakke og kommunehuset.

Fjelltrim

Det har til dels verkeleg gått konkurranse i fjelltrimmen og alt frå starten har det vore stor oppslutnad. Ein av dei ivrigaste fjelltrimmarane dei første åra må nemnast: Johannes Mathiesen. Dette var verkeleg noko som fall i hans smak. Gamle lensmannen var då vorten pensjonist og det var ikkje uvanleg at han spanderte heile dagen på fjelltrimmen. Han mobiliserte folk med og her er nok dei som minnest tur på Krakhellenipa, så i terrenget over til Dumbetinden og vidare til Salane. Dette var før vegen var komen opp der, så ned att gjekk turen gjennom Gygra til vegen i Eidevågen. Derifrå gjekk dei vegen til Nessa der dei etter “grundig vurdering” fann å måtte ty til bilskyss til Hardbakke. Det tok til å kveldast…

“Frost og isklar luft. Ei kjempestor, blodraud eldkule har nett sleppt seg ned bak havet. I nordaust stor fullmåne, mekting og lovande. Blikkstille. Er dette på jorda? Takk for i år.”

– Sitat frå Vardefjellboka, nyttårsafta 1971 kl. 15.45

 Idrettsmerkeprøvar

Solund Idrettslag har i dei fleste åra avvikla idrettsmerkeprøvar i 60 meter, hopp og kast. I tillegg har der vore “lange” øvingar, 3.000 og 5.000 meter samt 10 km gang. I 1980 fekk Idrettslaget utmerkinga av Noregs Idrettsforbund for flest avlagte prøvar i høve medlemstalet. Det året var 83 prosent av medlemene med på prøvane og greidde krava. I denne samanheng må nemnast Borgvald Espeland som var leiar av trim og merkegruppa på denne tida. Han la ned ein kjempeinnsats for å få medlemene frampå, følgde opp og fekk prøvane gjennomførte.

Friidrett

Solund Idrettslag har i nesten alle år hatt friidrett på programmet, men banetilhøva har nok sett preg på både oppslutnad og resultat. Ei rekkje år var det faste arrangement som Gyltevatnet rundt, Eidevågen rundt, Sulemarsjen og Ulvespranget.

Solundmeisterskap-82-3
Solundmeisterskap friidrett 1982. Foto: Magne Hamre

Dei åra distriktslege Knut Rimstad var leiar i friidrettsgruppa var det verkeleg oppsving. Grunnlaget vart lagt på den gruslagte Vaulevegen. Der føregjekk treninga og Rimstad fekk opp interessa hjå mange i laget. Det var verkelge eit miljø i friidrettsgruppa, noko som m.a. resulterte i siger i klasse B menn i Brekkestafetten 1981. Laget hadde på denne tida mange gode løparar og på vinnarlaget sprang Jarl Drengenes, Bjørn Hersvik, Knut Rimstad, Bjarte Engevik og Sveinung Kråkås.

Fotball
Opning idrettsbana
Opning idrettsbana i Storehaugen. Foto: Magne Hamre

Fotball har Idrettslaget hatt på programmet heile tida, men dette er vel den aktivitet der mangel på bane har vore mest merkbar. Mangel på bane må nok ta skulda for at Solund Idrettslag berre ein gong har stilt lag i Sogn og Fjordane Fotballkrins sin serie. Det var i 1980 og laget spela i 7. divisjon avd. II. Kva me bane då? Jo, laget leigde bane i Hyllestad. Resultatmessig hevda laget seg bra, men det vart for tungt å stille lag når til og med heimekampane måtte spelast borte.

Leiarar av SIL

1970-1971 Alv Reme

1972-1972 Atle Lerpold

1972-1972 Gunnvor Espeland og Anna Krakhellen

1973-1973 Anton Simes

1974-1975 Per Aarøy

1976-1976 Solveig Nybø

1977-1978 Jarl Drengenes

1979-1981 Sveinung Kråkås

1982-1984 Rune Engevik

1985-1987 Henrik Ravnøy

1988-1990 Svein Waage

1991-1992 Bengt Drengenes

1993-1993 Inge Byrkjeland

1994-1997 Jan Petter Færøy

1998-1999 Rune Pollen

2000-2000 Per Inge Storøy

2001-2002 Bjarte Engevik

2003-2003 Marit Utvær

2004-2004 Bjarte Engevik

2005-2007 Sissel Kråkås

2008-2010 May-Britt Tangenes

2011-2014 Michael Niesar

2015-2015 Kim Arnes

2016-2022 Irene Sanden

2022-2023 Hilde Moen Lamo