Sym deg til Kroatia

Du har vel ikkje gått glipp av at årets sym langt-kampanje er i gang? I år kan du vinne ei reise til Kroatia.

Kampanjen er Norges Symjeforbund sin årlege mosjonskampanje som forgår i perioden 01. januar til 31. mars. Målet er at flest mogleg vaksne skal symje 10.000 meter og born 2.500 meter.  

I Solund kan du symje tysdagar kl. 17-21 (familjebading) og torsdagar kl. 19-21 (mosjonssymjing) på Solund Idrettsbygg.

Meir informasjon om kampanjen finn du på www.svomlangt.no.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *