Idrettslaget søkjer badevakter

I Solund har me eit basseng som er ope med vatn i bassenget. Me er kjempeheldige som har dette tilbodet i kommunen vår.

Men for at Solund idrettslag skal kunne halde oppe aktiviteten med offentleg bading og bading for 0-3-åringane treng me fleire badevakter.

No kan du bidra! Meld deg på badevaktkurs på Hardbakke laurdag 14. januar kl. 10.30-15.30. Kurset inneheld førstehjelp og trening i bassenget. Instruktør er Sonja Olsen frå Florø.

Meld din interesse til Heidi Sanden på telefon 995 69 855 eller på e-post: info@solundil.no.

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *