Solund Idrettslag

Aktivitetar for alle aldrar

  • Heim
  • Aktivitetar
    • Aktivitetsdagar
    • Crosstrening
    • Discgolf
    • Fotball
    • Handball
    • Innebandy
    • Intervalltrening (4×4)
    • Yoga
    • Sirkeltrening
    • Symjing
    • Volleyball
  • Fjelltrimmen
  • Trimrommet
  • Nyheiter
  • Bli medlem
  • Om SIL
    • Styret
    • Historia
    • Årsmøte
    • Lovnorm
    • Logo
  • Kontakt

Innsamling til nytt idrettshus

26. October 2020 Mark Elvevåg

Kjære alle lag, verksemder og privatpersonar i Solund

Solund Idrettslag er svært glad for at Solund kommune vedtok i kommunestyret 22. oktober 2020 å løyve 1,5 mill. kr frå Havbruksfondet til nytt Idrettshus. Då er vi endå eit steg nærare draumen om dette sårt trengte huset.

Solund Idrettslag sitt mål er å samle inn 1,1 mill. kr til Idrettshuset som får styrketreningsrom på ca. 100 kvm, garderobar, toalett, klubbhusdel og lager til utstyr.

Vi har fått inn 100.000 kr frå Mowi, 50.000 kr frå Solsmolt og vi har samla inn 550.000 kr sjølv sidan vi sist gav 1,5 mill. kr til kunstgrasbana i 2017. 

No manglar vi berre 400.000 kr! 

Har du som privatperson, verksemd eller lag lyst til å vere med å bidra til å få dei siste kronene på plass?  Vi var tenkt å opprette ein spleis, men ser at det er store adm.kostnadar i dette. Så dersom du ynskjer å støtte oss utan at det går noko vekk i adm.kostnadar set vi pris på om du vippsar oss på “549688 Solund Idrettslag” eller set inn på kontoen vår: 3847.07.00995. Merk betalinga med “Idrettshus”. Du kan også få ein faktura om det er ynskjeleg.

Vi vil undervegs publisere på FB-sida vår kor mykje vi har fått inn.
Bidrag frå verksemder vil vi publisere på FB-sida vår med mindre de vil vere anonyme. Vi utfordrar verksemder og lag til å utfordre kvarandre.

Kom igjen! Alle monner drar! Dette er for god folkehelse og trivsel i Solund.

Tenk om vi klarer å samle dette inn i løpet av 2020 – i 50 årsjubileumet til Solund Idrettslag! 🙂

Anlegg, Nyheiter

AKTIVITETSPLAN

SIL på Facebook

Solund idrettslag

3 dagar sidan

Solund idrettslag

🏃‍♂️🏃‍♂️Ein liten oppdatering frå oss på 4x4. 🚶‍♂️🚶‍♂️
Vi fortset med 4x4 og vil oppfordre fleire til å bli med! Vi møtast onsdager kl 19.00 ved busskuret i Håneset og dei som heller vi gå tur gjer det. Styrketreninga på fotballbana startar ca 19.35 for dei som vil vere med på den til slutt.
... Sjå meirSjå mindre

Les meir
·Del

Share on FacebookShare on TwitterShare on Linked InShare by Email

Solund idrettslag

1 veke sidan

Solund idrettslag

🥋Karate🥋
Etter initiativ fra noen på mellomtrinnet har vi hatt noen økter med karatetrening i idrettsbygget. Dersom noen flere har lyst å prøve seg er det bare å ta kontakt med Thomas Frøyen på Messenger/telefon, tlf. 400 99 909.

Det er åpent for 1-10 klasse.

Treningen legges opp ihht gjeldende smittevernsregler. Det betyr bl.a ingen nærkontakt under treningene.
... Sjå meirSjå mindre

Les meir
·Del

Share on FacebookShare on TwitterShare on Linked InShare by Email

Hjarte- og lungeredning

Klikk her for informasjon om hjarte- lungeredning, inkl. hjartestartaren på Solund Idrettsbygg.

Søk på solundil.no

Solund Idrettslag

Postboks 1
6921 Hardbakke

E-post: info@solundil.no

Org.nr: 994 086 154

Meny

  • Heim
  • Bli medlem
  • Kontakt
  • Fjelltrimmen

Sjå ein film om Solund

Copyright © 2021 · Daily Dish Pro Theme on Genesis Framework · WordPress · Log in