Solund Idrettslag

Aktivitetar for alle aldrar

  • Heim
  • Aktivitetar
    • Aktivitetsdagar
    • Crosstrening
    • Discgolf
    • Fotball
    • Handball
    • Innebandy
    • Intervalltrening (4×4)
    • Yoga
    • Sirkeltrening
    • Symjing
    • Volleyball
  • Fjelltrimmen
  • Trimrommet
  • Nyheiter
  • Bli medlem
  • Om SIL
    • Styret
    • Historia
    • Årsmøte
    • Lovnorm
    • Logo
  • Kontakt

Idrettsdag i Solund Idrettspark

13. May 2018 Mark Elvevåg

Ein kjekk Idrettsdag i Solund Idrettspark er over.

Vi starta med Mosjonsløpet med 27 deltakarar. Løpet gjekk frå busskuret i Håneset til Idrettsbygget. Denne runden fram og tilbake var målt opp til 1 km, så dei som ville springe 3 km, som er ein av grenene til Idrettsmerket, sprang denne runden 3 gongar. Det var mange barn som imponerande nok fullførte 3 rundar, den yngste var knapt 6 år og brukte berre drygt 20 minutt!

Etter løpet gjorde det godt med litt mat og drikke før vi fortsatte med 60 m, hoppe lengde (med eller utan tilløp) og kulestøt. Kjekt å kunne teste ut det nye fantastiske friidrettsanlegget, sjølv om det ikkje er heilt ferdigstilt. Både vaksne og barn, ca 50 i talet, sprang, kasta, hoppa, åt og koste seg denne flotte sommardagen.

På slutten, når dei fleste var gått, var det ein våken 5-åring som etterspurte premiar. Vi gløymte rett og slett å dele ut medaljar til dei som var med på Mosjonsløpet. For dei som ynskjer sin godt fortente medalje for flott gjennomført løp, stikk innom Heidi på Øybygg så får du den.

Lurer du på kor fort du må springe, kor langt du må hoppe eller kor langt du må kaste for å klare kravet til Idrettsmerket, sjekk ut denne sida hjå Idrettsforbundet.

Bruk sommaren til å trene for å klare kravet om du ikkje allereie klarer det. Her er litt innsamla bilder frå dagen.

Ha ein fin sommar!

Tekst og bilete: Irene Sanden

Aktivitetsdagar, Nyheiter Idrettsdag, Solund Idrettspark

AKTIVITETSPLAN

SIL på Facebook

Solund idrettslag

3 dagar sidan

Solund idrettslag

Vi har fått klarsignal om at vi kan starte opp igjen aktivitet for dei under 20 år. 🥳
⚽️ Fotballtreninga for 1.-3.klasse som er inne i Idrettsbygget startar onsdag kl 17.

Fotballtreninga ute for 4.-10. klasse kan starte opp igjen når bana er fri for snø og is. Dette er den ikkje førebels. Nærare info vil kome når forholda er klare.

🏃‍♀️🏃‍♂️Friidrett 5.-10. klasse startar opp igjen trening onsdag kl. 19.00.

All trening i hallen for dei over 20 år må vi førebels avvente med, men all trening ute der ein kan halde avstand på 2 m kan vi utøve

🏃‍♀️🏃‍♂️ 4x4 onsdag kl. 19: Dersom det er glatt og ikkje forsvarleg med 4x4 går vi heller ein tur med brodder på.
... Sjå meirSjå mindre

Les meir
·Del

Share on FacebookShare on TwitterShare on Linked InShare by Email

Solund idrettslag

3 veker sidan

Solund idrettslag

Regjeringa kom i dag med nye innstramingar som fylgje av den negative smitteutviklinga i det norske samfunnet dei siste vekene:
All innandørsidrett vert anbefalt utsett til etter 18. januar. I tillegg vert det anbefalt kun å gjennomføre trening utandørs kor ein kan oppretthalde avstand på minimum ein meter til andre.
Det vil sei at all aktivitet som Solund Idrettslag organiserer med unntak av 4x4 må utsette oppstarten sin i år.
Fjelltrimmen kan sjølvsagt brukast og trimrommet er framleis opent, men det er svært viktig at alle som brukar trimrommet fylgjer reglane! Max 2 personar om gongen og hald minst 2 m avstand. ALLE som brukar trimrommet må registrere seg!
Nærare info vil komme etter kvart som reglane endrar seg.
... Sjå meirSjå mindre

Photo

Les meir
·Del

Share on FacebookShare on TwitterShare on Linked InShare by Email

Hjarte- og lungeredning

Klikk her for informasjon om hjarte- lungeredning, inkl. hjartestartaren på Solund Idrettsbygg.

Søk på solundil.no

Solund Idrettslag

Postboks 1
6921 Hardbakke

E-post: info@solundil.no

Org.nr: 994 086 154

Meny

  • Heim
  • Bli medlem
  • Kontakt
  • Fjelltrimmen

Sjå ein film om Solund

Copyright © 2021 · Daily Dish Pro Theme on Genesis Framework · WordPress · Log in