1 år sidan det kom grøn fotballbane i Solund!

I desse dagar er det 1 år sidan vi fekk grønt kunstgrasdekke på fotballbana, og ein kan trygt sei at dette området har blitt brukt mykje det siste året! Solund Idrettslag samla inn kr. 1,5 mill. som vart overrekt Solund kommune på sjølve opningsdagen i september. Det er mange som har bidrege med pengegåver til dette prosjektet, både lag, private verksemder og privatpersonar. Tusen takk!

 

Skiltet som heng i Solund Idrettspark med namn på dei som har gitt pengegåver.

 

 

 

Det har skjedd mykje det siste året i Solund Idrettspark. Etter ein formidabel innsats dagane før opningsdagen i september hadde ein nesten fått på plass eit friidrettsanlegg på rekordtid, med hoppegrop og kulekastsektor, i tillegg til løpebana som vart lagt i samband med kunstgrasdekket.    Lys kom på plass på fotballbana i vinter, og det vil kome lys på friidrettsanlegget og klatreparken også. Dei siste månadane har det blitt lagt asfalt på delanlegget «Friidrett, hopp og kast», og på begge sidene av sprintbana. Ein unngår no å få sand og grus i kunstgraset og på sprintbana.

I sommar skal endeleg klatreparken kome på plass og ein skal få på plass det manglande spurtandekke på friidrettsanlegget. Eit multisportanlegg langsmed terrenget mot nord er også under planlegging. Alt dette innrama av Skateparken, dei to 18- og 9-hols sendebrettbanene, samt den mykje brukte fjelltrimstien til Ramnenipa gjer dette til eit fantastisk flott anlegg. Det er ingenting som slår det å kome ned frå Ramnenipa ein kveld og sjå aktivitetsnivået her oppe.

I tillegg har det blitt fine turstiar av grus bort mot Arboretet og Draumeplassen der ein har stien rundt Ramnenipa og etter kvart vil stien til Dagsturhytta gå her i frå. I vinter oppdaga vi at vi hadde ei lita skøyteisbane på tjønna som ligg mellom fotballbana og Arboretet. Perfekt for små skøyteføter utan å vere redd for djupna på vatnet. Det er med andre ord ikkje fyrst og fremst ei fotballbane vi har fått her i Solund, men eit flott variert boltreområde for store og små.

Men vi gjer oss ikkje her. Det er framleis noko viktig vi ikkje har fått på plass ennå: Idrettshus. Frå den fyrste planteikninga som vart laga i 1999 har eit Idrettshus vore med. Vi ser no når Solund Idrettspark er på plass at det manglar noko viktig her oppe: toalett, ein plass ein kan gå under tak og lager til utstyr. Og Idrettslaget sin store draum er å få eit skikkeleg styrke/treningsrom her. Vi ser at treningsrommet vi har i Idrettsbygget i dag er i knappaste laget og ikkje særleg moderne. Vi er allereie godt i gang med å spare opp pengar, men håper sjølvsagt at det ikkje tar like lang tid som det gjorde med dei to førre prosjekta: fotballbane grus og fotballbane kunstgras.

 

Frå opningsdagen, bilete tatt av ein fallskjermhoppar

 

 

 

Opning av Solund Idrettspark av Per R. Omdal og ordførar Gunn Mongstad innrama av glade barn

 

 

 

Den fantastiske dugnadsgjengen lagar base for kulestøt                                        

 

 

 

 

Asfalt vert lagt

 

 

 

 

Flott friidrettsanlegg

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fotballtrening

 

 

 

 

 

 

 

 

Friidrett

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Etter ein mørk vinter kom det endeleg lys på bana!                    

 

 

 

 

Dagens «Idrettshus» vi ynskjer å byte ut…

Leave a Reply