Vestkystcup i Florø

Helga 24.-26. mai var Solund IL handball på vestkystcup i Florø og stilte med to lag.

Klikk på videon ovanfor for å sjå ein kort film frå helga i Florø.

Solund gutar 08
Spelte serie der det laget med flest poeng vann. Dei spelte til saman 4 kampar der dei hadde to kampar laurdagen og 2 kampar sundagen. Dei hadde til saman 16  mål og slapp inn 24.

Solund g08 besto av  4 gutar og 4 jenter. Dei vann 1 kamp og hadde 3 tap. Laget hadde ein kjempeflott lag innsats der dei heia kvarandre fram i både med og motgang, sigeren i den nest siste kampen smakte ekstra godt etter å ha jobba og stått på heile laurdagen. Siste kampen dei spelte var med eit knepet tap 7-6 til Florø, og Solund hamna med 2 poeng samanlagt.

Solund gutar 06
Besto av 8 gutar og 1 jente. Dei spelte cup der dei to laga med flest poeng skulle spele finale mot kvarandre. Dei møtte tøff motstand, samtidig som dei spelte 3 kampar laurdagen.

Søndagen starta med ein velfortjent siger, heile 9-0 mot Florø 2. Dei hadde eit fantastisk samarbeid og jobba hardt både i forsvar og angrep. Dei var best på kontring og sprang frå alle laga. Siste kampen, som var mot det vanskeligaste laget enda med eit 9-13 tap mot Fyllingen, noko som er eit fantastisk resultat. Solund enda med 2 poeng, dei scora totalt 37 mål og slapp inn 39.

Oppsummering
Lillian og Jørn Otto er svært nøgd med helga og er kjempestolt av å vere trenar for ein så herleg gjeng. Vi var heldig som fekk ha med oss Marie-Helene som hjelpetrenar som gjorde ei fantastisk jobb. Vi oppsummerar helga som ein stor suksess og ser allereie fram mot neste cup.

SULA RULA!

Leave a Reply