Bli medlem

Bli medlem

Alle som deltar på Solund Idrettslag sine aktivitetar skal vere medlemmar av Idrettslaget. Gjennom medlemskapet har du tilgang til alle aktivitetar utan ekstra kostnad (unntak symjing og aktivitetsdagar). Alle medlemmar er forsikra gjennom Solund Idrettslag dersom eit uhell skulle skje i ein aktivitet. Solund Treningssenter er ikkje ein del av Solund Idrettslag men Solund kommune sitt. https://www.solund.kommune.no/tenester/kultur-idrett-og-fritid/solund-treningssenter/

Symjebassenget

Du treng ikkje å vere medlem for å bruke symjebassenget. Alle betalar kvar gong dei badar; vaksne 50 kroner og barn 4-17 år 25 kroner. Du kan spare 20 prosent på badinga gjennom å kjøpe klippekort. Eit kort med 20 klipp kostar 400 kr. Vaksne blir trekt to klipp og barn 4-17 år eit klipp kvar bading.

Rabatt på butikk

Alle medlemmar får 15 prosent rabatt på Chatlet Sport Førde AS (Elvegården). Rabatten er utvida til 20 prosent på fotball- og handballvarer. Enkelte merkevarer, t.d. Nike, har aldri ein større rabatt enn 15 prosent. Rabatten gjeld berre varer til ordinær pris.

Medlemskontingent

  • Familie (vaksne + barn under 18 år): kr 850,-
  • Enkeltmedlem vaksen (frå 18 år): kr 500,-
  • Enkeltmedlem barn (under 18 år): kr 350,-

For å bli medlem i Solund Idrettslag må du registrere deg her: https://medlemskap.nif.no

Når du har gjort dette vil du etter kvart få tilsendt ein faktura på e-postadressa du har registrert. Dette skjer via Buypass, ei sikker betalingsløysing som idrettsforbundet har avtale med. De får av den grunn ikkje opp vårt kontonummer når de betalar fakturaen.

For at vi skal få tilgang til e-post-adressene dykkar, MÅ de først registrere dykk som medlem i Solund Idrettslag via medlemskap.nif.no. Dette er raskt gjort, og utfyllinga er forholdsvis intuitiv. Her må de og legge inn fødselsnummer og telefonnummer.

For familiar som vil betale familiemedlemskap, er det viktig at ein vaksen/føresett først registrerar seg og at han/ho deretter legg inn dei andre i hushaldninga. Etter at den vaksne har registrert seg ferdig, går ein inn på nytt og registrerar dei andre kvar for seg. Hugs at familiemedlemskap gjeld for ektefeller/sambuarar og dei av borna som er under 18 år.

Vi i idrettslaget vil sende ut fakturaen til dykk på mail, og eit familiemedlemskap vil i utgangspunktet sendast ut til EIN av dei vaksne/føresette. For dei som ikkje nyttar e-post kan vi skrive ut fakturaen og levere den i postkassen.

Faktura sendast ut ein gang pr år. Om ein ikkje ynskjer å vere medlem sender ein e-post til info@solundil.no for å sei opp medlemskapet sitt.

Alle som deltek på aktivitetar/treningar i regi av idrettslaget SKAL betale medlemskontingent. Ein må også betale medlemskontingent for å vere med på fjelltrimkonkurransen.

Kven kan betale?

Alle som ynskjer, kan betale medlemspengar til idrettslaget. Medlemspengane er svært viktig for å halde laget gåande, så sjølv om ein ikkje nødvendigvis nytter seg av tilboda til idrettslaget, set vi pris på at du støttar oss slik at andre får glede av desse!

Har du spørsmål om medlemskontingenten, ta kontakt med oss på info@solundil.no