Sulesymjaren 2020

«Svøm langt kampanjen» er i gong og Solund Idrettslag har fått støtte frå Sparebankstiftinga til å køyre ei lokal kampanje i tillegg, nemleg Sulesymjaren 2020. Denne kampanjen varer til symjebassenget stenger i slutten av april i år, altså ein månad lengre enn «Svøm langt kampanjen».

Du kan både vere med på denne lokale kampanjen og den nasjonale kampanjen og krava er dei same:
Deltakarar over 14 år: symje minst 10 000 m. 
Deltakarar til og med året ein fyller 13 år: symje minst 2 500 m. 
For dei som har ei funksjonsnedsetting er krava 5 000 m for vaksne og 1 500 m for barn. 

Forskjellen på desse to kampanjane er at for dei som er med på den nasjonale kampanjen må symde meter registrerast på: https://www.svomlangt.no/meg/velg-signup/

Vil du også vere med på Sulesymjaren 2020 må du levere inn dette skjemaet (Excel). Dette vil de finne i Idrettsbygget og på heimesida til Sil. 

Alle som er med og klarer sitt krav, er med i trekninga på ein tur til Bergen der reise med ekspressbåt, opphald på hotell ei natt + dagspass i Ado Arena er dekka for 2 personar!

Målet med kampanjen er å motivere til å bruke symjehallen som arena for fysisk aktivitet. Symjing er ein treningsform som passar for alle der du bruker heile kroppen. Det er også eit mål at særskilt barn og unge, men også vaksne blir betre symjarar, noko som ikkje er så dumt for oss øybuarar som er omringa av sjø. 

Leave a Reply