Resultat Fjelltrimmen 2021-2022

Fjelltrimmen 2021-22, dvs. 1. oktober 2021-30. september 2022, er klar med
resultat og oversikt. No vert lister med resultat, for alle medlemar som har
levert inn fjelltrimskjema, publisert. (Sjå lenkje under artikkelen.)

I koronafjelltrimåret 2020/21 var det rekordmange som brukte fjelltrimmen i
Solund. Det var for fyrste gong over 10 000 registreringer i bøkene. Dette året
har det vore ein nedgang frå dette rekordåret. Ca. 6 700 har registrert turane
sine i bøkene dette fjelltrimåret.

Totalt vart ca. 30% av alle turane i bøkene registrert på fjelltrimskjema i år (det
tilsvarer 2016 turar). Det er nokså likt med fjoråret då 32% av fjelltrimturane
vart registrert på skjema.

Det er 12 barn under 16 år som har klart målet med 15 turar og som er med i
trekninga av gåvekort på kr. 1 500,- hos Sport1 og det er 23 sprekingar over 16
år som har klart målet på 30 turar og som er med i trekninga av gåvekort på kr.
2 500,- hos Sport1.

Den mest populære fjelltrimposten er som i fjor og tidlegare år Ramnenipa
med ca. 1 150 registreringar i bøkene. Dette er ei halvering av registreringar frå
rekordåret før. Vi kan vel skulde mykje av dette på den våte sommaren. På veg
til Sognesjøhytta kom på 2. plass med ca. 740 registreringar og Vardefjellet kom
på 3. plass med ca. 690 registreringar. Nokre av bøkene har blitt tatt ned i løpet
av året fordi dei har blitt våte. I nokre tilfelle har det gått litt tid før det har
kome nye på plass, dette kan også ha ført til noko færre registrerte turar.

Det er 4. året med premiering i årets lange og årets korte tur i fjelltrimmen. 12
sprekingar har klart 7 turar eller meir på Vardefjellet og 13 store og små har
klart 5 turar eller meir på Hammerstakken.

Trekning av vinnar for 30 turar vaksne, 15 turar barn, årets korte tur og årets
lange tur vart gjort på Nissemarsjen 7. desember 2022 på skuleplassen.

RESULTATSLISTE FJELLTRIMMEN 2021/22

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *