Nye turar på Fjelltrimmen

No kan du samle fjelltrimpoeng på to nye turar i Solund. Både Tungodden og Hammerstakken blir med i den nye fjelltrimmen, som byrjar 1. oktober.

Utsikt frå Hammerstakken. Foto: Randi Storøy
Utsikt frå Hammerstakken. Foto: Randi Storøy

Solund Idrettslag sitt styre vedtok på styremøtet 9. september å utvida Fjelltrimmen med turane til Tungodden (15 p) og Hammerstakken (10 p).

– Vi fekk inn forslag om å ha med desse to stiane i Fjelltrimmen, og det syns styret var eit godt forslag, seier Kari Einen som er styremedlem og ansvarleg for Fjelltrimmen i Solund Idrettslag.

Gløym ikkje

Hugs å registrere dine turar for 2014-2015 seinast 30. september. Dersom du har gått 15 turar (born) eller 30 (vaksne) får du eit lodd og er med i trekninga om gåvekort på 1.500 respektive 2.500 kroner. Her finn du registreringsskjema.

Bilete: Hammerstakken ligg ved Leirvika sør for Tangenes og er 149 meter høgt. Ein må gå eit stykke før ein kjem til oppstiginga, så då får man den trimmen på kjøpet. “Stakken” blir fhv lett tilgjengeleg når vegen til Tangenes er ferdig.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *