Solund Idrettslag

Aktivitetar for alle aldrar

  • Heim
  • Aktivitetar
    • Aktivitetsdagar
    • Aerobics
    • Bading
    • Bordtennis
    • Discgolf
    • 4×4
    • Fotball
    • Friidrett
    • Gymleik
    • Handball
    • HIIT
    • Innebandy
    • Karate
    • Volleyball
  • Fjelltrimmen
  • Trimrommet
  • Nyheiter
  • Bli medlem
  • Om SIL
    • Styret
    • Historia
    • Årsmøte
    • Lovnorm
    • Logo
  • Kontakt

Nissemarsjen 2018

14. December 2018 Mark Elvevåg

Mange var samla torsdags ettermiddag på den årlege Nissemarsjen. Snakkar vi kanskje rekordoppslutning? Vi var ca 60 i barnehagen, men mange fleire oppe i Idrettsparken.

Vi starta utanfor ein julepynta barnehage der juniorkorpset spelte nokre av julesongane dei har på repertoaret. Nytt av året var at vi gjekk i samla flokk opp til den flotte Idrettsparken vår i flott vinterveir. Der stod blant anna ordføraren med ordførarkjede og tok i mot oss med varm gløgg og peparkakemedaljar, laga av førskulen og 1. klasse.

Det vart offisiell opning av Klatreparken ved ordførar og representantar frå elevrådet. I tillegg delte vi ut premiane for fjelltrimmen 2017/18. Sidan resultatlistene allereie var blitt publiserte knaut det seg mest spaning til kven som vann gåvekorta på kr 1.500,- på Sport1 for minst 15 gjennomførte turar for barna, og kr. 2.500,- for minst 30 gjennomførte turar for vaksne. Dei flinke og heldige vinnarane var Tilde Espeland og Renate Njøtøy. Gratulerer!

Aktivitetsdagar, Nyheiter Nissemarsjen

AKTIVITETSPLAN

SIL på Facebook

Solund idrettslag

19 timar sidan

Solund idrettslag
Stenging av Solund Idrettsbygg i forbindelse med takbyte.Det vert oppstart av arbeide med byte av tak på Idrettbygget måndag 27.06.22. Arbeide pågår til skulestart.Vi ser oss nøgde til å stengde av bygget og heile plassen nord for innkøyringa til bygget i delar av perioden dette arbeidet pågår. Dette gjeld også trimrommet.Vi kjem attende med melding når vi ser at det er anledning til å opne opp for bruk.Vi ber alle respektere sperring på området. ... Sjå meirSjå mindre
Les meir
· Del

Share on Facebook Share on Twitter Share on Linked In Share by Email

Solund idrettslag

4 veker sidan

Solund idrettslag
Innebandyen tar sommarferie! 😎 ... Sjå meirSjå mindre
Les meir
· Del

Share on Facebook Share on Twitter Share on Linked In Share by Email

Hjarte- og lungeredning

Klikk her for informasjon om hjarte- lungeredning, inkl. hjartestartaren på Solund Idrettsbygg.

Søk på solundil.no

Solund Idrettslag

Postboks 1
6921 Hardbakke

E-post: info@solundil.no

Org.nr: 994 086 154

Meny

  • Heim
  • Bli medlem
  • Kontakt
  • Fjelltrimmen

Sjå ein film om Solund

Copyright © 2022 · Daily Dish Pro Theme on Genesis Framework · WordPress · Log in