Innkalling til årsmøte for 2021

Til medlemane i Solund Idrettslag:

Innkalling til årsmøte i Solund Idrettslag 2021

Styret kaller med dette inn til årsmøte i Solund Idrettslag

fredag 1. april 2022 kl. 18.00 på Skafferiet.

Saker som eit medlem ynskjer handsama på årsmøtet, må sendast styret seinast 15. mars 2022 til info@solundil.no. Ein ynskjer at vedlagte mal vert brukt, sjå vedlegg.

Fullstendig sakliste med alle saksdokument vil bli gjort tilgjengeleg for medlemane seinast ei veke før årsmøtet på heimesida til Solund Idrettslag, www.solundil.no.

For å ha stemmerett og kunne bli vald til verv må ein ha vore medlem av Solund idrettslag i minst ein månad, fylle minst 15 år i det kalenderåret årsmøtet vert helde, og betalt medlemsavgifta.  Alle medlemar har uansett møterett, talerett og forslagsrett.

For meir informasjon om årsmøte samt regler om stemmerett, valgbarheit, forslagsrett mv., sjå Solund idrettslag si lovnorm: www.solundil.no/om-sil-2/historia/

Ved spørsmål som gjeld årsmøtet, kan Solund Idrettslag kontaktast på info@solundil.no eller tlf. 970 40 924 til styreleiar Irene Sanden.

Velkomen til årsmøte!

Med venleg helsing

Styret i Solund Idrettslag

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *