Badevaktkurs

Symjebassenget badevaktSolund Idrettslag treng fleire badevakter! Har du lyst å bidra til eit fantastisk tilbod i kommunen vår? I sånt fall skal du gå badevaktkurset.

Laurdag 28. februar har du mogelegheit å delta på eit badevaktkurs på Idrettsbygget.

På kurset vil du bl.a. lære deg fyrste hjelp og få trening i bassenget. Kurset vil vere kl. 10.30-15.30. Det er gratis og du treng ikkje å ha nokre forkunnskapar. Ein del av kurset skjer i bassenget, så du treng å ta med badedrakt og handduk.

For påmelding og meir informasjon, kontakt Kim Arnes på tlf. 908 64 312 eller send ein e-post på info@solundil.no.

Leave a Reply