Pingvinleikane 7.-8. februar

(Fr. v.) Aron Engevik, Vilde Kalmer, Åsne Hauge, Aleksander Tangenes Tangen, Isabella Arnes og Marie-Helene Danielsen.
(Fr. v.) Aron Engevik, Vilde Kalmer, Åsne Hauge, Aleksander Tangenes Tangen, Isabella Arnes og Marie-Helene Danielsen.

Fem flinke medlemer av friidrettsgruppa til Solund Idrettslag var med på 60 meter i Leikvanghallen i Åsane, Hordaland under arrangementet Pingvinleikane 7.-8. februar.

Dette vart ei fantastisk oppleving for borna som gav alt til dei passerte målstreken. Kjekt etterpå å få sjå navna sine og tidene komme opp på ei stor tavle i hallen. Trur ein slik tur inspirerer borna til å trene vidare.

Av Bjarte Engevik, aktivitetsleiar friidrett

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *