Resultat Mosjonsløpet

Mosjonsløp Aron Engevik
Aron Engevik vinn ungdomsklassen.

Til tross for litt kaldt og grått vêr stilte 25 personar på startlinja i Idrettslaget sitt mosjonsløp søndag 31. mai.

Aron Engevik vann ungdomsklassen (11-15 år) på tida 13.27.

– Det var ei ny bane for oss i år, heilt ut til Sildevika, men dette var kjempegøy, seier Aron.

Vegar Heen vann herreklassen på ein veldig god tid, 20.11. Vegar er frå Oslo og arbeidar denne sommaren som lærling på Sulefisk. Ingunn Mjåtveit vann dameklassen på fine 25.19.

Johannes Steinsund med mamma Gunn Marit Fossedal.
Johannes Steinsund med mamma Gunn Marit Fossedal.

Der var totalt 9 deltakarar i barneklassen opp til 11 år. Johannes Steinsund (3 år) syns det var gøy og forklarte på ein god måte kvifor han sprang så raskt:

– Eg har superraske joggesko!

Bana gjekk frå Idrettsbygget, opp til kyrkja, ned i hamna og opp i Storehaugen. I krysset ved Håneset sprang dei yngste tilbake til Idrettsbygget, ungdomsklassen sprang ut til Sildevika og snudde, og vaksenklassene sprang heilt ut til Steinsund før dei snudde og sprang tilbake til Idrettsbygget.

Etter mosjonsløpet vart avslutta vart det prisutdeling, både for mosjonsløpet og for vinteren sin symjekonkurranse.

Herreklassen, fr.v. Øystein Espeland, Ingvar Mårstig, Vegar Heen og Bjarte Engevik.
Herreklassen, fr.v.: Øystein Espeland, Ingvar Mårstig, Vegar Heen og Bjarte Engevik.
Mosjonsløp damer
Dameklassen, fr.v.: Anne Britt Espeland, Ingunn Mjåtveit og Bjørg Kråkås.
Nokre av dei barn og ungdomar som deltok på mosjonsløpet.
Nokre av dei barn og ungdomar som deltok på mosjonsløpet.

 

 

Tekst og bilete: Mark Elvevåg

Resultat

11-15 år

Aron Engevik 13.27

Eirik Engevik 14.45

Oda Sanden Hove 18.34

Isabella Arnes 18.34

Vetle Mårstig 19.17

Hedda Mårstig 19.36

 

Herre

Vegar Heen 20.11

Ingvar Mårstig 22.38

Bjarte Engevik 23.11

Øystein Espeland 24.34

 

Dame

Ingunn Mjåtveit 25.19

Bjørg Kråkås 53.56

Anne Britt Espeland 53.56

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *