Resultat Fjelltrimmen 2014-2015

Resultat av fjelltrimmen 2014-2015 er klar. Det er første året med regel om at de som deltar i fjelltrimmen må levere inn registrerte turar på skjema. Den meget gledelege nyheten er at mange har brukt og levert inn skjema.

Foto: Kari Einen
Foto: Kari Einen

Totalt 2.063 turar er registrert på skjema. I tillegg er det 4.048 turar som ikkje er registrerte på skjema. Så 6.111 turar i Solundfjella i løpet av eit år er jo fantastisk. Eit eksempel er Pollatinden, som i 88-89 hadde 131 turar, hadde i år 584 turar totalt. Med ein slik auke kan vi få eit meget bra tall om nokre år.

Det som er ekstra kjekt i år er at fleire unge har klart 15 turar. Totalt er det 16 born og ungdomar med i trekning om 1.500,-. Til samanlikning var det tre i 2013-2014. Kjempeflott!

I tillegg har fire personar (Live, Tage, Mariann og Vegard Steinsøy) vært innom alle toppane i løpet av fjelltrimåret. Kan det friste andre til å gjere det same i 2015-2016?

Tekst: Kari Einen

Resultat Fjelltrimmen 2014-2015

 

 

Leave a Reply