Solund Idrettslag

Aktivitetar for alle aldrar

  • Heim
  • Aktivitetar
    • Aktivitetsdagar
    • Aerobics
    • Bading
    • Bordtennis
    • Discgolf
    • 4×4
    • Fotball
    • Friidrett
    • Gymleik
    • Handball
    • HIIT
    • Innebandy
    • Karate
    • Volleyball
  • Fjelltrimmen
  • Trimrommet
  • Nyheiter
  • Bli medlem
  • Om SIL
    • Styret
    • Historia
    • Årsmøte
    • Lovnorm
    • Logo
  • Kontakt

Idrettsfest laurdag 25. september

21. September 2021 Mark Elvevåg

På laurdag er det i Solund Idrettspark det skjer! Møt opp og bli med på idrettsfesten – velkommen tilbake til idretten!

Solund Idrettslag inviterer store og små til aktivitetsdag i Solund Idrettspark. Spesielt ynskjer vi velkomen til dei som har vore med, er med eller har lyst til å vere med på aktivitetane våre, foreldre, frivillige og andre som er glad i aktiviteten til Solund IL. Om dette er aktivitetane i Idrettsbygget, i Solund Idrettspark eller fjelltrimmen!

Saman med resten av idretts-Norge markerer Solund Idrettslag gjenopninga av idretten etter pandemien med ein forrykande Kick Off. Vi håper du vil være med å delta på idrettsfesten.

Arrangementet er gratis og er en del av den nasjonale kampanjen «Tilbake til idretten». Masnah kjem og held open kiosk med asiatisk mat frå ca. kl. 15.00, så middagen kan du definitivt ta i Solund Idrettspark denne dagen.

Det vert deltakarpremie på arrangementet, så alle må registrere at dei har vore her. I tillegg vert det premie på Ramnenipa opp, premiar til alle barn som har vore med og premie og fairplay pris ifm. fotballkampen.

PROGRAM FOR DAGEN:

13.00 Ramnenipa Opp
Det vert premiering av beste tid og idealtid, så her kan alle bli vinnarar, ikkje berre den sprekaste.

14.00 Aktivitetar i Solund Idrettspark
Her kan alle, både liten og stor prøve seg på 60m, lengdehopp, høgdehopp, kule/liten ball. Dei som ynskjer å prøve ta idrettsmerka kan gjere det. Nina og friidrettsgjengen vår blir med og hjelper og viser oss korleis vi skal gjere det.

15.45 Premieutdeling

16.00 Fotballkamp Gæmlisane – Dei litt yngre
Nokre av ungdomsskule og vgs-elevane har lenge hatt lyst til å spele kamp mot old boys gjengen med publikum og stor stemning på fotballbana. ENDELEG er dette lov!

16.30 Pauseoppvisning frå Solund karateklubb

16.45 Fotballkamp 2. omgang

17.15 Premieutdeling fotballkamp med Fair Play prisen

17.30 Slutt

VELKOMEN TILBAKE TIL IDRETTEN!

Aktivitetsdagar, Nyheiter Idrettsdag

AKTIVITETSPLAN

SIL på Facebook

Solund idrettslag

20 timar sidan

Solund idrettslag
Stenging av Solund Idrettsbygg i forbindelse med takbyte.Det vert oppstart av arbeide med byte av tak på Idrettbygget måndag 27.06.22. Arbeide pågår til skulestart.Vi ser oss nøgde til å stengde av bygget og heile plassen nord for innkøyringa til bygget i delar av perioden dette arbeidet pågår. Dette gjeld også trimrommet.Vi kjem attende med melding når vi ser at det er anledning til å opne opp for bruk.Vi ber alle respektere sperring på området. ... Sjå meirSjå mindre
Les meir
· Del

Share on Facebook Share on Twitter Share on Linked In Share by Email

Solund idrettslag

4 veker sidan

Solund idrettslag
Innebandyen tar sommarferie! 😎 ... Sjå meirSjå mindre
Les meir
· Del

Share on Facebook Share on Twitter Share on Linked In Share by Email

Hjarte- og lungeredning

Klikk her for informasjon om hjarte- lungeredning, inkl. hjartestartaren på Solund Idrettsbygg.

Søk på solundil.no

Solund Idrettslag

Postboks 1
6921 Hardbakke

E-post: info@solundil.no

Org.nr: 994 086 154

Meny

  • Heim
  • Bli medlem
  • Kontakt
  • Fjelltrimmen

Sjå ein film om Solund

Copyright © 2022 · Daily Dish Pro Theme on Genesis Framework · WordPress · Log in