Handballcup i Førde

Handball spelI helga reiste 19 ungdomar frå Solund Idrettslag til Førde for å spele handballcup. Alle gjorde ein kjempeinnsats og viste at også Solund kan stille med konkurransedyktige lag.

 

Handball guter 11I «Guter 11» stilte SIL med eit miksa lag, dvs. med både guter og jenter. Sulingane spelte fire kampar og fekk med seg masse av god erfaring. Resultata vart også betre og betre for kvar kamp. I den siste kampen på søndag møtte SIL ungdomar frå Lindås, som spelar serie i Bergen, og tapte  med berre 4-1.

Handball guter 12I «guter 12»  møtte Solund Osterøy i pokalkampane. Fyrste kamp ende med tap 5-4. I den andre kampen vann SIL med heile 7-1 og i den siste og avgjerande kampen vart det 2-2 og ekstraomgang. Solund skåra nesten fleire gangar, men med berre 20 sekunder igjen av ekstraomgangen var det  Osterøy som avgjorde kampen. SIL-ungdomane gjorde likevel ein kjempeinnsats og viste at dei kan konkurrere med lag frå andre kommunar.

Takk til dei foreldre som har vore med på cupen i helga, og framfor alt eit stort takk til Jørn Otto som tok initiativ til å dra på cupen, og som dessutan stiller på alle treningar og skapar eit så positivt handballmiljø i Solund.

Leave a Reply