Fjelltrimskjema 2022-2023

No finn du fjelltrimskjema for 2022-2023 her på heimesida under menyen Fjelltrimmen. Du kan også hente skjemaet på Gjenbruket og i Idrettsbygget.

Frist for å levere fjelltrimskjema for 2021-2022 er 1. november 2022. Skjema kan leggast i boks på Gjenbruket eller sendast til info@solundil.no.

Vi har ennå nokre bøker vi ikkje har byta ennå. Dette er på Krakhellenipa, Stigfjellet, Tungodden, på veg til Tungodden, Hellelinipa, Stokkevåg, Uranipa, Husefjellet Hersvik, Espa og Buskøygavlen. Er det nokon som har tenkt å gå nokre av desse turane i nærmaste framtid, er det berre å stikke innom Øybygg og hente bok først.

Hugs at alle barn som er med på fjelltrimmen får medalje, då er 1 tur nok! Men skjema må leverast inn for å vere med.

Leave a Reply