Nissemarsjen

Om lag 80 personar stilte på Nissmarsjen måndag ettermiddag. Etter ein fin tur rundt Hardbakke vart det pepperkaker og gløgg på Idrettsbygget, utdeling av premiar for Fjelltrimmen og Sym deg til Kreta-kampanjen, samt leik og morro i hallen. 

I tillegg til premiar i ulike klasser vart det trekt to vinnarar av gavekort. Dorthea Lerpold Hauge vann gavekort på 1.500 kr blant dei ungdomar (0-16 år) om hadde gått minst 15 fjellturar. Lasse Sørensen vann gavekort på 2.500 kr for vaksne som hadde gått minst 30 turar. Gratulerer!

Takk til Heidi og Irene Sanden for flott innsats med å koordinere og gjennomføre årets Nissemarsj. Takk også til Skulemusikken som spelte julemusikk før marsjen.

Dersom du er med på eit bilete men ikkje ynskjer å ha det publisert på SIL si heimeside kan du sende ein e-post til info@solundil.no eller ringe tlf. 950 28 232.

Leave a Reply